På grunn av fare for steinras er turstien langs Bergesvatnet til Bergeseidet stengd av Statens Naturoppsyn. Ny sti til Bergeseidet og Hjertnesvågen er no merka over Skogafjellet.
Les merBømlo Tur- og Sogelag ynskjer velkommen til skjærtorsdag på Berge 28. mars 2024. Turmarsjen startar kl 11.00. Sal av vaflar, kaffi og pølser med brød. Utlodning. Leikeutstyr som barna kan aktivisera seg med. Alle hjarteleg velkomne!
Les merLeidarsteidn er no i salg på Spar Bømlo, Bømlo Bil, Joker Espevær og Norli Hsd-senteret.
Les merBergehuset er eit stort gardshus på Berge frå 1830-åra. Etter fleire år med restaureringsarbeid, er Bergehuset no klart for utleige til grupper under ca. 25 personar.
Les merVil du bli medlem i Bømlo Tur- og Sogelag kan du senda ein mail til post@b-ts.no eller kontakta Nils Peder Holme på telefon 47284529. Oppgi namn og adresse + epostadresse. Oppgi òg om du vil ha medlemskap for enkeltperson (150 kr) eller familiemedlemskap (300 kr). Faktura vil bli tilsendt.
Velkommen som medlem i Bømlo Tur- og Sogelag!
Organisasjonsnummer:
984 056 761
5443 Bømlo
©