Fakta


  • Stifta: 11. mars 1972
  • Org.nr.: 984 056 761
  • Adresse: 5443 Bømlo
  • Antal medlemmer: ca. 300
  • E-post: post@b-ts.no
  • Internett: http://www.b-ts.no



Om oss

På Søre Bømlo, som for resten av landet, utgjorde andre verdskrigen eit stort skilje i historia. Freden 8. mai 1945 førte optimisme med seg, og folk såg framover. Det som no gjaldt var gjenreising og gjenoppbygging. Bygda her på Søre Bømlo hadde rett nok ikkje lidd så store materielle tap, men åtte liv var gått tapt som følgje av krigen.

Varer som hadde vore underlagt rasjonering vart etter kvart omsette fritt, og tilgongen på handelsvarer vart stadig større utetter slutten av 1940-talet. Det vart investert i nye og større fiskebåtar, og material til husbygging vart stort sett kjøpt ferdigskore. Til oppvarming av hus var kol og koks tilgjengeleg, og det var såleis ikkje nødvendig å gå i torvmyra meir. Optimismen etter krigen førte også til større barnekull.

I september 1952 skjedde noko som på mange måtar sette enno større fart i utviklinga på Søre Bømlo. Bygda fekk elektrisk straum. Husstandane fekk elektrisk lys i staden for parafinlampar, og ein kunne supplera ved- og kolomnane med elektriske omnar. Etter kvart som elektriske komfyrar inntok kjøkkena, vart matlaginga mykje enklare og mindre arbeidskrevjande. Kjøleskåp og fryseboksar vart med tida vanlege og dekka for dei fleste behovet for lagring av ferskvare.

Men utviklinga hadde også ei bakside. Reiskapar ein ikkje hadde bruk for lenger vart kasta på røysane. ”Hiv heile skiten” var omkvedet. Hus som eldhus, kvernhus og vass-sager datt i stavar. Jordkjellarane stod etter kvart tomme. Det var ikkje bruk for slike hus lenger. Ferdige varer kunne no kjøpast, og varelagera låg i butikkane.

Ei gruppe historisk interesserte personar i bygda såg det uheldige i denne utviklinga og bestemte seg for å gjera noko med det. Med Kari Shetelig Hovland og Tolleiv Hidle i spissen vart det på slutten av 1960-talet vedteke å redda to av dei mange kvernhusa på Søre Bømlo - eitt i Vorlandsskogen og eitt på Bergeseidet. Dei etablerte ei gruppe dei kalla Kvernhuskomiteen, og med stor dugnadsinnsats fekk dei sett i stand desse falleferdige kvernhusa.

Medlemmene av Kvernhuskomiteen var òg interesserte i å gå på tur og å reisa på turar. Dei bestemte seg for å stifta eit lag for folk med reiselyst og interesse for lokalhistorie. Den 11. mars 1972 vart så Bømlo Tur- og Sogelag stifta. Laget fekk raskt mange medlemmer. Mange hus kom i sogelaget si eige og vart restaurerte. Reiskapar og husbunad vart samla inn og sette i stand, der dette var naudsynt. Fleire gamle ferdselsstiar mellom gardane og i utmarka vart rydda og merka. Laget arrangerte bussturar over store delar av Sør-Noreg, fekk i stand restaurantkveldar, fiskefestivalar, bryggedansar, krabbefestar, basarar osb. Ei rekke hefte med lokalhistorisk innhald og informasjon vart publiserte. Frå 2001 kom årsheftet Leidarsteidn ut. Ei bok om båtane frå Søre Bømlo og Espevær, «Fartøy til fiske og frakt», vart lansert i 2004.

Av faste arrangement ein held i hevd i dag kan nemnast tur til Bergeseidet kvar skjærtorsdag og medlemskveldar i det gamle gardshuset Bergehuset, gjerne med spekemat og rømmegraut.

Bømlo Tur- og Sogelag vert no drive som eit moderne lag med organisasjonsnummer, eigne vedtekter, heimesider, Facebook-sider, medlemsblad, faste styremøte og årleg årsmøte.