Besøk Landslaget for lokalhistorie

Den 3. og 4. juli 2018 hadde Bømlo Tur- og Sogelag besøk av generalsekretær Tor Anders Bekken Martinsen og styreleiar Mikal Heldal i Landslaget for lokalhistorie. Besøket kom i stand i samband med restaureringa av saga ved Vorlandsvågen. Sogelaget fekk tips om restaureringsarbeidet vidare og om måtar å søkja om midlar på.

Nedanfor følgjer ein del bilete som vart tatt av Geir Einarsen i samband med besøket.

Nytt tak på saga, våren 2018

Våren 2018 vart det sett i gang eit stort arbeid med å skifta taket på saga ved Vorlandsvågen. Panner var knuste og fleire stader var det lekkasje i taket. Rotne sutaksbord vart skifta ut, ny papp lagt på og lekter og rekter monterte. Nye Skarpnes panner vart så lagde på. Takk til Bømlo Maskin som var behjelpeleg med transport til og frå saga, alt gratis.

Bord på Nipane

I juli 2017 fekk sogelaget to bord frå bygdatunet. Eit av borda vart montert på Nipane og eit ved Bergesvatnet. Ein stor dugnad vart sett i gang for å få borda på plass. Stor takk til Bømlo Skipsservice som modifiserte borda slik at dei kunne monterast. Denne biletserien viser montering av bordet på Nipane. Staden er blitt eit populært turmål for bygdefolket.

Kystsogedagane 27. - 28.08.2010

Skjærtorsdag 01.04.2010

Skjærtorsdag 2011

Bømlo Tur og Sogelag sitt arrangement på Berge skjærtorsdag var svært vellukka. Veret var perfekt for tur på stien, og mange tok turen til Bergeseidet. Ca 100 personar deltok på arrangementet. Foto Rune Aga.

Historiske bilete

Saga hausten 2019

Stien Berge - Bergeseidet

Bømlo Tur- og Sogelag er tildelt midlar frå Gjensidigefondet til sikring av stien frå Berge til Bergeseidet. Arbeidet vil bli utført våren 2011.

Stor takk til Gjensidigefondet!