Saga

Lars Johannesen Andal, f. 1829, gifta seg med Martha Johannesdotter
Sandvik, Fiellberg i 1856. Lars bygde bordsaga i Vorlandsvågen i bekkjen
som fell ut frå Vevikvatnet. Ein veit ikkje sikkert kva årstal saga vart bygd,
men ein meinar det må ha vore før 1860. 

Saga står i Vorland si utemark, men Lars skulle få ha saga ståande så lenge han levde. Han arbeidde mykje på saga, og ofte hadde han Aanen Tollevik med seg. (Løna var då 90 øre dagen) Yngste dottera til Lars og Martha, Elisa, f. 1867, gifte seg med Nils Simonsen Svalland, Utbjoa, f. 1859. 


Nils tok over saga etter verfaren og dreiv som sagmeister i fleire år. Seinare selde han saga til Vorland. Eigartilhøva har ned gjennom tidene fleire gonger vorte skifta mellom Andal og Vorland. Etter at det no er halde utskifting i Vorlandsskogen, står saga i dag på Einar Vorland si utemark.
Bømlo Tur- og Sogelag har skifta tak og bordkledning, og har som mål å setja
saga i full brukbar stand att. Inne i saga finn ein mange gamle namn og årstal
som er skorne inn i tømmeret og den gamle bordkledningen. Sjølve saga
måler 7,38 x 3,42 meter.