Kvernhuset på Bergeseidet

Kvernhuset på Bergeseidet var den fyrste bygningen Bømlo Tur- og Sogelag tok seg av og verna. Kvernhuset ligg på nordsida av bekken som renn frå Bergesvatnet og ut i Bømlafjorden. Bekken er grensa mellom Hovland og Berge og det er desse gardane som eig kvernhuset. Kverna ligg like opp frå sjøen, der det også er ein gamal kastevåg. 

Folket på Hovland rodde sjøvegen med korn og mjøl, medan gardbrukarane på Berge frakta melderen med båt over Bergesvatnet. Sjølve kvernhuset er 4,2 x 3,6 meter. Det er tømra med bordkledning på ytterveggene og med steinheller på taket.

Kor gamalt kvernhuset er, veit ein ikkje, men det eldste årstalet som er skore inn i tømmerveggen er 1852. Elles er det skore inn mange årstal, namn, seglskøyter og seglskip. Dette er nok gjort i dei lange haustnettene då kverna gjekk døgnet rundt. Eller det kan vera landnotfiskarane som låg her medan dei akta etter sild og makrell.

I berget utafor kverna er også slege inn mange bokstavar og årstal. Langs landet frå Bergeseidet mot Tollevik ligg eit skvalpeskjer, som kallast Mjøltjuven. Namnet tyder på at einkvan har segla opp på skjeret og mist mjølet.