Kvernhuset i Vorlandsskogen

Etter det me kjenner til har vasskverner og bekkekverner spela ein svært stor rolle i det norske jordbruket gjennom århundrer. Heilt frå 1200-talet og langt inn i vår tid var eit kvernhus ein like naudturvande driftsbygning på garden som fjos og stall. Einskilde kvernhus var i bruk så seint som under den siste verdskrigen. Men etter den tid gjekk dei fleste undergongen i møte. Ved bekken som kjem frå Kvednavatnet i Vorlandsmarka, og som renn ut i Vorlandsvågen, har det i si tid stått fire kvernhus. Alt på 1600-talet vart det fyrste kvernhuset, som var felles for heile Vorlandsgarden, sett opp lengst nede i lia, der fossen gjekk striast. På 1700-talet vart endå eit kvernhus bygd, og på 1800-talet vart dei to siste kvernhusa reiste. Ovanfor fossen mura dei bru over bekken med stemme. To kverner låg nedanfor denne stemma og to lengre oppe. Det var ei stemme oppe i vassenden og ei over den smale armen av Kvednavatnet. Etter krigen var det for bøndene ikkje lengre rekningssvarande å mala kornet på sine eigne møller. Det vart meir rasjonelt og lettvint å kjøpa mjølet på krambua. Resultatet av dette vart at kvernhusa ikkje lenger vart haldne ved like.


Me såg at kvernhusa etter kvart skrumpa saman, og lutte meir og meir mot bakken år for år, og me forstod at det var berre spørsmål om nokre tiår før dei var borte, gløymde for alle tider. Me visste nok at dei var å finna på musea, men var det nok? Burde ikkje eit av desse kvernhusa setjast i stand, og stå der i den gamle kvednabekken som ein levande illustrasjon til korleis våre forfedre hadde mole kornet sitt?

Det var nokre sambygdingar som lenge hadde brent inne med desse tankane. Dei søkte om kommunal stotte stotte til å restaurera eit kvernhus, men med negativt resultat. Etter kvart var det berre restane att av eitt hus som ikkje hadde forvitra. Av dei tre andre husa var det berre grunnmurane som stod att.