Karinestova

Karinastova vart bygd ca. 1838. I den vesle stova budde det ein familie med 8
søner.

Trongt om plassen var det ofte. Karinastova var i mange år samlingsplassen
for mannfolket på Hovlandsgarden.

Her sat karane og prata og røykte om søndagane.

I 2003 overtok Bømlo Tur- og Sogelag Karinastova frå Bømlo Kvinne og
Familielag, som hadde hatt ansvar for stova.