Hilleborgstova

Hilleborgstova er bygd ca. 1827-30 av Kristoffer Sørensen, f. 1796. Han flytte til Bømlo frå Kongsberg i 1827 med kona Marta Katrine Timandsdotter, f.
1785 og sønene Peder, f. 1820 og Søren, f. 1823. Dei kom 'for at arbeide for folket i Bømmel Sogn, manden som murarbeider og konen med veving og
spinding'. Dei fekk byggja seg ei lita stove på Eide, br.nr. 1, i lia, der det enno heiter 'Mure-bakkjen'. Kristoffer døydde i 1845, Marta i 1860. Husgrunnen
var truleg bygsla på deira levetid. Sonen Peder vart kalla 'Mure-Per'. Han qjekk på murarbeid som faren.

Han bygsla ein husgrunn frå Paul Engelsen Eide (br.nr. 2) dat. 12/12 - 1861, og her sette han no opp stova etter faren. Grunnen er 'beliggende tæt ved Bunden af Langevaag paa den vestre Side'. Peder og kona Pernille Torbjornsdotter Flogerøyholm, f. 1822, hadde seks born. Pernille døydde i 1863 og Peder i 1884. Stova deira vart seinare nytta til fattigstove. Den fyrste som då kom til å bu der var Hilleborg Johannesdotter Vestvik, f. 1835. Ho var ugift og budde åleine i stova. Då det var møte eller basar på det gamle bedehuset oppe i bakkjen, kokte Hilleborg ein stor kjel i grua på kjøkkenet og selde kaffi og sukkerbrød. Utanfor døra hadde ho ein stikkelsbærbusk med sote hårbær, som ho gav til ungane. Hilleborg var lita og gjekk med stav. Ho vakta på makrellen der i vågsbotnen.

 

'No er han inne', ropa ho med det grove målet sitt. Då kom dei springande frå Eide og Vespestad for å kasta. I 1920-åra kom eit eldre par, Johan Olsen (f.
1859) og Trine, og busette seg i Hilleborg-stovo. Dei hadde då i mange år budd på Vorland (br.nr. 13) og bala med jorda til Andreas Hovland. Trine var bondejente frå Valdres. Johan hadde vore rallar og m.a. arbeida på Bergensbana. Trine hadde ein son som var 'reisende'. Han laga og selde 'Bliktøj'. Han og familien budde stundom i Hilleborg-stovo, og andre 'reisende' (eller 'splinter') var alltid velkomne hjå Trine og Johan. Dei hadde det koseleg. 

Trine og Johan sat ved klaffebordet attmed glaset og røykte pipe. Johan skar ut figurar i tre. Etter at Trine og Johan var borte leigde John Dørheim Hilleborg-stovo til skomakarverkstad. Han døydde i 1962. Ved kommunestyrevedtak 5. desember 1972 gav Bømlo kommune bruksretten til Hilleborg-stovo til Bømlo Tur- og Sogelag. Laget har gjort mykje arbeid for å få stova i stand. Det er skifta bordkledning, sett inn nye glas, ny ytterdør og grua er reparert.