Fridtun

Av Kari Shetelig Hovland
Haugianaren Knut Pedersen Hillestveit, f. 1786, gjekk i brodden for å få bygt eit
samlingshus på Bømlo. Han gav fri grunn. Tilreisande snikkarar bygde huset, dei hadde fritt hus og mat hos Knut. Bygdefolket var med og arbeidde på dugnad. Huset stod ferdig i 1845, med stor stove, kammers og gang. Fridtun er det eldste samlingshus som er bevart i Norge. 

Frå 1875 blei huset også brukt til skulestove, det var lenge både samlingshus og skule. Her møttest bygdefolket i mange høve. Til dømes var det skikk at folk tok seg fri heile dagen til Helgemess (2. november), då var her samling både middag og kveld, og i lagleg ver sat folk rundt på haugane og pratte. Dei hadde mat med, og fekk koka store kjelar med kaffi på grua i Hilleborgstova.

 Indremisjonsforeningen blei stifta i 1882, og fekk då ansvar for huset. I 1896 bygde kommunen skulehus på Vespestad, for dei øvste klassane. Men småskulen heldt til på Hillestveit til den nye skulen på Vespestad stod ferdig i 1923. Læraren for småskulen budde i kammerset her.

 

Indremisjonsforeningen bygde nytt bedehus på Eide i 1911, og selde Fridtun til
Bømlo Privatbank. I 1923 blei huset tatt i bruk som telefonstasjon. Jørgen Hovland heldt til i kammerset, der dei private telefonlinene var kobla til den store tavla. Banken selde huset til kommunen i 1937. Det blei då nytta til herredstyremøte. Her var kontor for trygdekassa og forsyningsnemnda. Etter krigen flytta Bømlo postopneri inn i huset. Då telefonstasjonen kom inn i nytt hus i 1954, blei det gamle huset innreidd til post, liknings- og trygdekassekontor. 

Etter kommunesamanslåinga blei huset ståande tomt. Så leigde Bunes huset i fleire år til elektrisitetsverkstad og lager, men etterat han flytta derifrå, stod huset atter tomt, og var i dårleg stand. Kommunen ville riva heile skrotet. Men då sette bygdefolket seg imot. Mange minne knyter seg til dette huset, det er ein del av bygdas ansikt. Bømlo Tur- og Sogelag fekk då tilbod om å overta huset. Styret vedtok å overta huset med grunn vederlagsfritt, og fekk papir på dette 23.02 1989. 


Etter to års restaureringsarbeid, utført på dugnad, stod huset ferdig, og er no
innreidd til eit lite bygdemuseum.