Bergehuset

Bergehuset står på bruk nr. 1 på Berge. Huset er bygd i 1830-åra av Peder
Nilsen, som kom frå Steinsvåg ved Finnås. Bergehuset er etter måten stort. Det måler 13,2 x 7 meter og har skut i nordre enden.

I fyrste høgda er det gong, to stover, to kammers og kjøkken med gruve. Andre høgda har ein stor sal i kvar ende, med utelem og kammers i midten. 

Huset er bygd av tømra vegger, med bordkledning utvendig og pannetak. Bergehuset vert nytta aktivt i Bømlo Tur- og Sogelag sitt arbeid for natur-, miljø- og kulturvern. Slik det ligg til, sentralt i høve til dei andre husa Bømlo Tur- og Sogelag har teke seg av, høver dette godt. Bergehuset er sett i stand og vert nytta som 'kulturstove', der ein har ymse samkomer, utstillingar, kurs m.m.

For leige av Bergehuset til samkomer av ymse slag, ta kontakt med Knut
Hegle, tlf. 53424192, mob. 97688638.